Tonning & Stryn AS

Industry and business
Øyravegen 4
57872660
DET VAR EIN GONG
Vår historie byrjar i 1939, då Stryn Møbelindustri AS vart grunnlagd. Nokre få år seinare, i 1946, starta Tonning Møbelfabrikk AS si verksemd. Med det var Stryn blitt ei viktig møbelbygd og vi vart kvarandres sparringspartnarar fram mot ein genuin nordfjordsk møbelidentitet. I 2013 slo vi oss saman. No skal vi bringe arva videre.
Men vi likar å seie at historia vår byrjar med trevirket, heilt frå si spede spire i skogen, og at den held fram ved at menneskjer sit i, tek på , kviler i eller et ved eit ferdig møbel. Ei historie som i begge endar er tidlaus.
For det er nemleg tre vi arbeider med. Flammebjørk og eik, solide og velkjende råmaterialar med eigenskapar det tek tid og kunnskap å kjenne. Hjå oss arbeider det berre handverkarar med djup interesse for trevirke, dei veit korleis det ter seg og på kva måte ein best kan tilarbeide det. I samarbeid med Noregs beste møbeldesignarar byrjar det som best kan beskrivast som ein samtale mellom formgjevarar og trevirke. Kvar for seg ønsker dei å fortelle noko. Slik vert det møblar med varig verdi av.
–Stories in wood–