Skogstad - Innvik

Shopping / Sport activity
Innvik
innvik@skogstadsport.no
www.skogstadsport.no
I strandkanten ved Nordfjord, kor isbreane glitrar mellom smale dalar, finn du Innvik. Ein liten tettstad med knappe 500 innbyggjarar. I dette vêrharde fjordlandskapet på Vestlandet, kor fjellet går loddrett ned i fjorden, bestemte ein liten familie seg for å lage klede.
Året var 1937. Vi hadde ingen føresetnadar for å få det til. Men vi gjorde det for naboane våre. Fordi dei fraus når dei hogga ved på vinteren. Eller vart våte på sagbruket om hausten. For i Innvik tar vi vare på kvarandre. Og slik vart Skogstad skapt av vêr og vind.
Sidan den gong har vi utvikla produkt i samsvar med naturen. Gjennom både godt og dårleg vêr har generasjonar med lidenskapelege handverkarar latt seg inspirere. Vi har laga alt frå tekniske jakker for å sende folk på fjellet, til parkdressar slik at ungar kan leike ute på vinteren.
Vi skal gjere det enkelt for folk i alle aldrar å nyte den vakre naturen dei har omkring seg. Vi lovar å lage klede for morgondagen sine uteopplevingar. Vi kallar det uteglede.